Amfibium

Article in other languages:

Amfibium

Ei padde
Ei padde

Systematikk
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Amphibia
Vitskapleg namn
Amphibia

Eit amfibium eller ei padda er eit firbeint eller sekundært beinlaust dyr som lever både på land og i vatn og manglar amniotiske egg. Dei er vekselvarme, det vil seie at kroppstemperaturen er avhengig av omgjevnadane, og er i stand til å pusta over kroppsflata. Det er beskrive rundt 6000 nolevande artar, mange sterkt truga av utrydjing. Amfibia omfattar froskar, padder, salamandrar og ormeamfibium.

Utvikling

Dei første store amfibiegruppene utvikla seg i devontida frå ferskvasslevande kvastfinnefisk (eller lungefisk?) med finner omdanna til bein. Fleire artar på denne tida kunne bli fleire meter lange, noko berre særs få japanske salamandrar gjer dei etter i dag. Me reknar me at desse dyra erobra landjorda for å unngå å bli jakta på, men dei møtte òg eit par utfordringar der oppe: Dei hadde korkje vasstett skinn eller vasstette egg, og hovudføden deira var framleis i vatnet.

I karbontida flytta amfibia seg opp i næringskjeda og fekk ei rolle som tilsvarar den krokodillane har i dag. Dei åt både store insekt, som levde på land, og fisk som levde i vatn. Gjennom permtida og tidleg trias vart dei derimot utkonkurrerte av proto-krokodiller; krypdyr som overtok nisjene deira. Dette førte til at amfibia migrerte til kaldare strøk (sidan dei i motsetnad til urkrokodillane kunne gå i dvale) eller vart mindre.

Systematikk


Questions for article: สัตว์สะเทินน้ำสะเทินบก

This article is from Wikipedia. All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License.


IHS Europe: Infrared Heating Systems for Home and Business.